Kjøpsvilkår

Generelle kjøpsvilkår – Ein blome til AS

1. Om verksemda

Seljar er
Ein blome til AS
Vikegata 19B
6150 Ørsta

Epost: post@einblometil.no
Telefon:  401 90 305
Org. nr:  835771202

Kjøpar er den forbrukaren som utfører bestillinga, og betegnast i det følgjande som  kjøpar/kjøparen.

Ein blome til AS sel blomster og relaterte produkt gjennom:

  • Nettbutikk
  • Sjølvbetent butikk
  • Tradisjonell fysisk butikk

Desse vilkåra gjeld for alle kjøp, uavhengig av salskanal.


2. Pris og betaling

Alle prisar er oppgitt i norske kroner (NOK) og inkluderer meirverdiavgift (mva) med mindre anna er spesifisert. Betaling skjer via dei betalingsløysingane som er tilgjengelege i den aktuelle salskanalen.


3. Levering og henting

  • Nettbutikk: Levering skjer til oppgitt adresse eller ved henting i butikk. Leveringstid og kostnad kjem fram ved bestilling.
  • Sjølvbetent butikk: Kunden plukkar og betaler sjølv via tilgjengeleg betalingsløysing.
  • Tradisjonell butikk: Varer vert tekne med direkte etter kjøp.

4. Angrerett og retur

Blomster og matvarer som sjokolade, eplemost og kaffi vert rekna som ferskvare og er ikkje omfatta av angreretten etter angrerettlova. Andre produkt kan returnerast innan 14 dagar dersom dei er ubruka og i original emballasje. Kunden må sjølv dekke returfrakt.


5. Garanti på snittblomar

Vi tilbyr 7 dagars garanti på snittblomar. For å nytte garantien må følgjande vere oppfylt:

  • Kunden må møte fysisk i butikken innan 7 dagar frå kjøpsdato
  • Varen må takast med og visast fram
  • Garantien gjeld ved normal bruk og oppbevaring (t.d. snittblomar må ha fått vatn og stått kjølig)

6. Reklamasjon

Ved feil eller manglar på produkt som ikkje er ferskvare, gjeld reklamasjonsrett etter forbrukarkjøpslova. Ta kontakt med oss via e-post post@einblometil.no eller i butikk.


7. Personvern

Vi behandlar personopplysningar i samsvar med gjeldande personvernlovgiving. Informasjon vert berre brukt til ordrehandtering og kundeservice.


8. Endringar i vilkår

Ein blome til AS tek atterhald om å endre vilkåra. Endringar vert publiserte på nettsida og gjeld frå publiseringsdato.

 

Kontaktskjema